Hardanger Internasjonale Siderfest 2023

Velkomen til Hardanger Internasjonale Siderfest 11. – 13. mai. I år med Nordisk fokus!
Hardanger er landets desidert fremste region for siderproduksjon. Bli med på besøk til gardane i fjorden, midt i bløminga, og til Smelteverket i Odda. Ei helg med sider i alle glas, kokkar frå øvste hylle, matmarknad, siderkursing, bokslepp og konsertar, og ikkje minst: Møt siderprodusentar frå heile landet og Norden!
TORSDAG 11. MAI
TORSDAG KL. 14.30 / NIBIO, LOFTHUS - PRODUSENTSAMLING
Siderfesten inviterer siderprodusentar frå heile landet og Norden til samling hos Nibio på Lofthus.
TORSDAG KL. 20.00 / LINDEHUSET, ODDA - MIDDAG NORDISKE SMAKAR
Nordiske kokkar lagar smaksmeny med sider i røffe fabrikklokale i Odda. Norske Morten Tungesvik og nordisk kokkk med vener byr på innovative rettar med ein nordisk touch, sjølvsagt servert med sider.
Kjøp billettar her i Ticketco til høgre:
FREDAG 12. MAI
FREDAG KL. 09.00 - 14.00 / ODDA - POLITISK SIDERSEMINAR
Siderklynga i Hardanger og Hanen inviterer til konferanse om status for sider, sal og salskanalar, landbrukspolitikk og alkoholreklame. Arne Hjeltnes er konferansier og moderator.
FREDAG KL. 14.30 / SENTRALBADET - SLEPPFEST: HARDANGERSIDER, EN SMAKSREISE TIL VERDENS BESTE SIDERE
Siderbiblioteket veks! Det er stas å ha bokslepp med denne forrykande trioen som har dykka ned i Hardangersideren! Merete Bø skriv om sidersmaking og over 40 førsteklasses sidrar, Arne Hjeltnes fortel med sitt skråblikk om tradisjonane, menneska og landskapet som har skapt sideren og Einar Simensrud tek lesaren med på besøk til alle dei offisielle sidergardane i Hardanger.
Velkomen til bokslepp!
FREDAG FRÅ KL. 15.30 - 20.45 / SIDERSAFARI - VIKEBYGD/LOFTHUS
Besøk sidergardane med kultur og mat, med eller utan transport! Vi lovar god stemning, mykje god kunnskap om sider, glade siderprodusentar, god middag og ei oppleving du ikkje vil gå glipp av.
Gled deg til ein fantastisk dag på Sørfjorden og ute på sidergardene! Årets siderbåt, Aurora of The Fjords tek deg med ut Sørfjorden, omkransa av høge snødekte fjell, grøne bakkar og sidergardar på begge sider av fjorden.
Avreise Odda kl. 15.30
Ankomst/avreise Lofthus kl. 16.30
Ankomst Nå kl. 16.45
Retur Lofthus - Nå - Odda - Lofthus kl. 20.30 / etter arrangement.
NÅ / KL. 16.45 - 20.45
Vikebygdkrinsen har sett saman ein draumedag på Nå! Siderprodusentane møter gjestene på kaien. Gjestene vert delt i 3 grupper og skal deretter på blømingstur til eitt av sideria Alde, Kvestad eller Edel. Det er 1,5 km å gå til Alde, 5 min vandring til Edel og Kvestad har transport. På gardane vert det omvising og sidersmaking. Deretter samlest gruppene på Siderhuset Ola K som får besøk av sine gode venner frå Cornelius sjømatrestaurant og Le Mathis. Saman byr dei på ei kulinarisk oppleving - med sider til. Kulturelle innslag undervegs. Siderhuset Ola K held ope utover kvelden etter arrangementet.
LOFTHUS / KL. 16.30 - 20.30
Lofthusbygda har sett saman ein draumedag på Lofthus, med omvising og sidersmaking på Lofthus sideri saman med Heldre sider. Middag frå Varegga - kjøtt frå Bergen, Fruktsti til Opedalstunet med musikk undervegs, før kvelden vert avslutta med ei siste sidersmaking på Ekspedisjonen. Ekspedisjonen held ope resten av kvelden.
Kjøp billettar her i Ticketco til høgre:
FREDAG KL. 17.30 / STORE NÅ OG APAL SIDERI PÅ BUER RESTAURANT
Det blir god stemning og full fres når Hardanger møter Ryfylke! Kompisane Eirik frå Store Nå og Dan Olav Sæbø fra Apal Sideri møtast på Buer og held tråden saman i ein sprudlande siderservering til 4-rettars set meny.
Buss frå Odda sentrum til Buer kl. 17.30 – retur ca. kl. 21.30. Pris med transport 1895,-
FREDAG KL. 21.30 / SENTRALBADET - KONSERT MED SELMA FRENCH
Selma French med fullt band.
«Noe av det beste jeg har hørt i år. Solodebuten fra Selma French er et dynamisk verk som imponerer stort.» - Eivind August Westad Stuen, Aftenposten (Terningkast 6)
«et unikt vokal- og låtskrivertalent som tidlig la seg tettere på Anne Lise Frøkedal enn Susanne Sundfør eller Thomas Dybdahl.» Tor Martin Bøe, VG (Terningkast 6)
FREDAG KL. 22.30 / IRIS SCENE - KONSERT MED CREEDENCE FOREVER
Creedence tribute band.
Det vil verta mogleg å kjøpe fellesbillett til konsertane på sentralbadet og Iris denne kvelden.
LAURDAG 13. MAI
Hardanger Internasjonale Siderfest i Odda - den store publikumsdagen!
LAURDAG KL. 12.00 - 19.00 / LINDEHUSET - SIDERSMAKING
Den store siderfesten er i Lindehuset - eit av dei freda fabrikklokala på Smelteverkstomta. Her kan du treffa siderprodusentar frå heile landet samt ein gjeng nordiske produsentar, og smaka deg gjennom ei stor breidde av både norske og internasjonale sidrar.
I Nitrogenanlegget er det Siderbar!
Billett til sidersmakinga i Lindehuset gjev deg inngang på festivalområdet og fem siderbongar, og kostar kr 395,- per billett. Det er mogeleg å kjøpe fleire bongar på festivaldagen.
Kjøp billettar her i Ticketco til høgre:
LAURDAG FRÅ KL. 12.00 / LINDEPLASSEN
Hardanger Internasjonale Siderfest i Odda - den store publikumsdagen!
Den store publikumsdagen for Hardanger Internasjonale Siderfest på smelteverkstomta i Odda! Møt norske og nordiske siderprodusentar på Sidersmaking i Lindehuset, bli med på Siderkurs, bokslepp, matmarknad med matboder med smak av det nordiske. Det blir musikk og industrihistorie og god stemning!
FESTIVALOMRÅDE
På festivalområdet får du smake digg mat, og kan kjøpe gode varer på matmarknaden. Du kan bli med på omvising på Smelteverket og finne ut kvifor det er fabrikkar i Odda, og du kan delta på siderkurs og smaka på mat og sider-kombinasjonar. Fleire artistar står på scena gjennom dagen og Sentralbadet litteraturhus og Iris scene er ope heile dagen.
Det kostar kr 50,- per person å kome inn på festivalområdet på Lindeplassen.
(Inngang til festivalområde er inkludert i billett til sidersmaking i Lindehuset).
Kjøp billettar her i Ticketco til høgre:
SIDERKURS, SENTRALBADET LITTERATURHUS
Bli med på siderkurs! Dei to sommeliane og pommelierane Kasper Wrem Anderson og Thor Oddvar Havn slår seg saman med velrenommerte kokkar og flinke matprodusentar og viser veg inn i det sensoriske univers, på Siderkurs der sider møter ulike matrettar.
Kasper Wrem Anderson er tidlegare restaurantsjef på Siderhuset Ola K. og jobbar no som sommelier og pommelier på Buer restaurant i Odda. Thor Oddvar Havn er restaurantsjef i Brasserie 59 på Stord Hotell. Begge undervisar ved Norsk Sommelier Utdannelse (NSU) i Bergen, er smaksdommarar ved NM og VM i siderdømming, held vin- og sidersmakingar, og driv saman Siderpodden, ein podcast om siderens mangefarga univers.
Saman presenterer Anderson og Havn nasjonale og internasjonale sidrar, nøye utvalde til å matche ulike matrettar.
12.00 / DEN RAUDE SAL
AROMAHJULET SIDERKURS
Lær deg å kjenne att kvalitet og særtrekk ved sider! Pommelier og sommelier Kasper Wrem Anderson har jobba tett på sidernæringa i Hardanger dei siste åra, har skrive bøker om sider og designa eit eige aromahjul for sider. Med Thor Oddvar Havn på laget presenterer han hjulet med ei oversikt over omgrep for å skildre duft, struktur, vekt og kjensla av sideren i munnen. Her får du óg med deg nokre «hugsereglar» for sidersmaking, som historie, geografi og produksjonsmetodar. Kvar deltakar får sitt eige aromahjul. Ei perfekt oppvarming før sidersmaking i Lindehuset!
KL. 13.30 / DEN BLÅ SAL
SIDER MØTER TRADISJONSMAT
Møt ei av landets største matkjendisar: Bodil Nordjore! Ho er matkulturvernar og er kjend som heile landets Bodil-budeie. Nordjore er statsstipendiat og ein framifrå formidlar av norske mattradisjonar. Anderson og Havn set saman med Nordjore ein kombinasjonsmeny der sider møter tradisjonskost. Ikkje gå glipp av denne mogleigheita!
KL. 15.00 / DEN RAUDE SAL
SIDER MØTER SJOKOLADE
Smak verdsberømt sjokolade frå FJÅK saman med sider! Fjåk er den første bean to bar sjokoladeprodusent i Noreg. Dei lager økologisk, etisk sjokolade i Eidfjord i Hardanger, med dei finaste ingrediensar frå den nordiske naturen. Agurtxane Concellon frå Fjåk Sjokolade har med seg tre utvalde sjokoladar, som vert smaka opp mot tre ulike sidrar.
KL. 17.00 / DEN RAUDE SAL
SIDER MØTER KJØT
Ei spanande sidersmaking der du kan lære korleis pare sider med smaksrike rettar av kjøt frå Vestlandet. VAREGGA - Mat fra Bergen AS består av gardane Løvaas Garden og Kvamme Gard i Arna, der dei produserer råvarer med dyra sin velferd i fokus. Varegga har sett saman ein tre-retters smaksmeny, som pommelierane Anderson og Havn set sider til. Her får du smake drykk frå både lokale og internasjonale siderprodusentar!
Kjøp billettar her i Ticketco til høgre:
LAURDAG 11. MAI KL. 17.30 / KVESTAD SIDERI PÅ BUER RESTAURANT!
Når Haakon Kvestad kjem til Buer blir det alltid veldig god stemning. I fjor på denne tida hadde han ansvar for å få skifertak på restauranten, i år er han tilbake for å servere sider og gode historiar til gjestene.
Buss frå Odda sentrum til Buer kl. 17.30 – retur ca. kl. 21.30.
Pris med transport 1 895,-